Kategori: Utstillinger

  • Utstilling: Vest. Verk frå Birger Mowinckels samling

    Utstilling: Vest. Verk frå Birger Mowinckels samling

    25. april til 28. desember 2025

    Sogn og Fjordane Kunstmuseum

    I denne utstillinga vil publikum for første gong sjå verk av meistrar som J.C. Dahl, Kitty Kielland, Anders Askevold og Anna-Eva Bergman på Kunstmuseet sine veggar. Med Vest utvidar vi vårt vanlege regionale fokus frå Sogn og Fjordane til heile vestlandskysten, og viser verk frå 1840 og fram til i dag.

    Vest er resultatet av eit tett samarbeid med Birger Mowinckel (f. 1927) og hans familie, som har lånt ut 48 verk til utstillinga. Mowinckel har samla på kunst frå vestlandet i ei årrekkje, og samlinga er av dei største privateigde som består av vestlandskunst. Musea i Sogn og Fjordane har også supplert med verk frå eigne samlingar til utstillinga på Kunstmuseet, og totalen omfattar 62 kunstverk.

    Utstillinga gjev eit tematisk innblikk i vestnorsk kunst- og kulturhistorie med fokus på migrasjon, kunstnarmiljø, økonomi og næring. Her møter du både anerkjende kunstnarar som har sett sitt preg både på norsk og internasjonal kunst, og skaparkrefter som i dag er mindre kjende.